Følg oss på Kontakt lokallaget Vitje Noregs Mållag
← Older posts Newer posts →

Målprisen 2019

Posted on by Jorun Marie Kvernberg

Målprisen 2019 i Volda går til Bakketunet, ved eigar og drivar Marita Bett Aakre

Grunngjeving, målprisen 2019:

Bakketunet er ein formidlingsstad for kultur, kunst og historie, inst inne i Hjørundfjorden, i bygda Bjørke. Tunet er det eldste gardstunet på Sunnmøre, med delar som stammar tilbake til 1500-talet. Bakketunet opna for publikum i 2010, og har mellom anna fått Ørsta kommune sin kulturpris 2015 og Kulturminnefondet sin formidlingsstipend i 2017.

Når dei no også får Volda Mållag sin målpris, er det i glede over at Bakketunet frå i år ligg i Volda kommune. Grunngjevinga for prisen handlar likevel om språket.

Bakketunet nyttar nynorsk som sitt førsteval i informasjon og marknadsføringa av tunet. I brosjyrer, så vel som på sosiale media, fører verksemda eit konsekvent og vakkert språk, med respekt for språknormene, og med vekt på både det informative og estetiske. Bakketunet er ein bevisst språkbrukar, og språket dei brukar høver til verdiane dei elles driv verksemda si etter: Dei tek vare på røtene og kulturarven, men er samstundes aktuelle og nyskapande.

Bakketunet på Bjørke tek i mot målprisa frå Volda Mållag. FV: Marita Bett Aakre, Ingebjørg Osdal, Kardis Hasfjord FOTO: Bakketunet på Bjørke sin facebookside.

Frå venstre: Marita Bett Aakre, Ingebjørg Osdal, Kardis Hasfjord. Utdeling under Volda Mållag sitt årsmøte 26. februar 2020.

www.nernett.no skriv m.a.:

I utvelginga av kandidatar ser mållaget, i tillegg til god bruk av nynorsk, etter nokon som viser at nynorsk kan bli brukt i mange ulike samanhengar, seier leiar Anne Steinsvik Nordal i Volda mållag. 

«Gjevt! Denne prisen heng høgt! Bakketunet har fått Målprisen 2019 frå Volda Mållag. Tusen takk! Nynorsk er sjølvsagt», skriv Bakketunet på Bjørke i ei facebookmelding. 

http://www.nernett.no/artikler/malpris-til-bakketunet-pa-bjorke

Posted in Nyhende

Årsmøte i Volda mållag

Posted on by admin

Onsdag 26. februar, Volda folkebibliotek, klokka 18.00

Tres seniores syng og spelar.

Geir Hjorthol, professor ved HVO: «Om Kjartan Fløgstads Due og drone«

Klokka 18.45: Årsmøtesaker

Alle er velkomne.

Posted in Nyhende

Kviss på Treet 27. februar

Posted on by admin

Volda mållag arrangerer kviss på Det grøne treet 27. februar, klokka 20.00

Den kunnskapsrike og festlege Per Magnus Finnanger Sandsmark, direktør for Nynorsk kultursentrum, er kvissmeister.

Posted in Nyhende

Målkveld i Hornindal

Posted on by admin

Volda Mållag inviterer til mållagskveld for for born og vaksne i SMIA 19. november kl. 18.

Program

Posted in Nyhende

Nynorske læremiddel i voldaskulen

Posted on by admin

Det er viktig at skuleelevar med nynorsk som hovudmål møter så mykje nynorsk som råd, og ser at nynorsk kan brukast alle stader. Skulen er likevel den staden born les og skriv mest, og då er det viktig at nynorskelevar får alle læremiddel på nynorsk, og digitale læremiddel (td. iPad-appar). Her kan du lesa (den opne) brevvekslinga mellom Volda mållag og oppvekstkontoret i Volda.

Continue reading → Posted in Nyhende ← Older posts Newer posts →