Følg oss på Kontakt lokallaget Vitje Noregs Mållag

Målprisen 2019

Posted on by Jorun Marie Kvernberg

Målprisen 2019 i Volda går til Bakketunet, ved eigar og drivar Marita Bett Aakre

Grunngjeving, målprisen 2019:

Bakketunet er ein formidlingsstad for kultur, kunst og historie, inst inne i Hjørundfjorden, i bygda Bjørke. Tunet er det eldste gardstunet på Sunnmøre, med delar som stammar tilbake til 1500-talet. Bakketunet opna for publikum i 2010, og har mellom anna fått Ørsta kommune sin kulturpris 2015 og Kulturminnefondet sin formidlingsstipend i 2017.

Når dei no også får Volda Mållag sin målpris, er det i glede over at Bakketunet frå i år ligg i Volda kommune. Grunngjevinga for prisen handlar likevel om språket.

Bakketunet nyttar nynorsk som sitt førsteval i informasjon og marknadsføringa av tunet. I brosjyrer, så vel som på sosiale media, fører verksemda eit konsekvent og vakkert språk, med respekt for språknormene, og med vekt på både det informative og estetiske. Bakketunet er ein bevisst språkbrukar, og språket dei brukar høver til verdiane dei elles driv verksemda si etter: Dei tek vare på røtene og kulturarven, men er samstundes aktuelle og nyskapande.

Bakketunet på Bjørke tek i mot målprisa frå Volda Mållag. FV: Marita Bett Aakre, Ingebjørg Osdal, Kardis Hasfjord FOTO: Bakketunet på Bjørke sin facebookside.

Frå venstre: Marita Bett Aakre, Ingebjørg Osdal, Kardis Hasfjord. Utdeling under Volda Mållag sitt årsmøte 26. februar 2020.

www.nernett.no skriv m.a.:

I utvelginga av kandidatar ser mållaget, i tillegg til god bruk av nynorsk, etter nokon som viser at nynorsk kan bli brukt i mange ulike samanhengar, seier leiar Anne Steinsvik Nordal i Volda mållag. 

«Gjevt! Denne prisen heng høgt! Bakketunet har fått Målprisen 2019 frå Volda Mållag. Tusen takk! Nynorsk er sjølvsagt», skriv Bakketunet på Bjørke i ei facebookmelding. 

http://www.nernett.no/artikler/malpris-til-bakketunet-pa-bjorke

This entry was posted in Nyhende. Bookmark the permalink.