Følg oss på Kontakt lokallaget Vitje Noregs Mållag

Kva arbeider vi for?

Volda Mållag arbeider for nynorsken og dialektane. Vi ønskjer å samle målfolk i Volda til aktivt arbeid for det nynorske målet på alle område. Auka kunnskap om og vørdnad for nynorsken og dialektane våre er viktige mål. Mållaget arbeider også for å styrkje grunnlaget for den folkelege by- og bygdekulturen og verne om miljøet i byen/bygda vår.