Følg oss på Kontakt lokallaget Vitje Noregs Mållag

Nynorske læremiddel i voldaskulen

Posted on by admin

Det er viktig at skuleelevar med nynorsk som hovudmål møter så mykje nynorsk som råd, og ser at nynorsk kan brukast alle stader. Skulen er likevel den staden born les og skriv mest, og då er det viktig at nynorskelevar får alle læremiddel på nynorsk, og digitale læremiddel (td. iPad-appar). Her kan du lesa (den opne) brevvekslinga mellom Volda mållag og oppvekstkontoret i Volda.

Årsmøtet 14.03.2019 vedtok denne fråsegna. Ho vart prenta som lesarbrev i Møre (16.03.2019):

Ta dei nynorske digitale læremidla i bruk!

25. januar 2018 vedtok kommunestyret i Volda at Volda kommune skal arbeida for at flest mogleg av dei digitale læringsressursane som vert nytta i Voldaskulen er på nynorsk, og at oppvekstkontoret skal skaffa seg oversikt over korleis appar og andre digitale læringsressursar vert nytta, slik at ein veit kva som er definert som læremiddel og ikkje, og held seg innanfor lova.

No lurer me på korleis oppfylginga av dette vedtaket i oppvekstavdelinga går. Difor vil me gjerne ha svar på nokre konkrete spørsmål om nokre konkrete digitale læremiddel:

Kva slags læringsressursar er det som er lagt inn på elev-ipadane når det gjeld matematikk i 1-3. klasse? Vert Matemagisk, som berre er på bokmål, og der elevane får oppgåvene opplesne med bokmålstale, framleis lagt inn på alle Ipadane, eller er det bytt ut med andre ressursar? I så fall, kva for nokre?

Brukar Volda kommune talesynteseprogrammet Skoleskrift framleis, der det berre er mogleg å få opplesen bokmålstale, eller har kommunen teke i bruk nokre av programma som kan lesa opp nynorsk tale, som til dømes Lingit STL+ eller Intowords?

Sidan det er oppvekstkontoret som kjøper inn lisensar til appane som er i bruk i skulen, og som deler ut ipadane, må implementeringa av vedtaket i kommunestyret nødvendigvis skje gjennom at oppvekstkontoret gjer val når det gjeld innkjøp og kva som vert installert på Ipadane. Dette krev at oppvekstkontoret har eller skaffar seg oversyn over utvalet av digitale læremiddel og lærinsgressursar.

Difor lurer me på: Kva for nokre digitale læremiddel og læringsressursar på skule-ipadane finst berre på bokmål eller engelsk i dag, og kva for nokre finst i nynorskutgåve? Kva for nokre av dei ressursane som berre finst i bokmåls- eller engelskutgåve planlegg kommunen å erstatta med ressursar som også finst på nynorsk, og kor tid vil dette skje?

Me vil gjerne ha konkrete svar på desse spørsmåla i avisa, for digitale læremiddel på eige språk er ei sak som vedkjem elevar og foreldre.

I Møre (23.03.2019) svara kommunen:

This entry was posted in Nyhende. Bookmark the permalink.