Følg oss på Kontakt lokallaget Vitje Noregs Mållag
← Older posts Newer posts →

Songar, rim og regler

Posted on by admin

I fjor gav Volda Mållag ut heftet «Songar, rim og regler for barnehagen (med sveip av Søre Sunnmøre)». Du finn heftet her.

I år skal vi arbeida for å få barnehagane i Volda til å ta i bruk songar, rim og regler på nynorsk og dialekt!

Posted in Nyhende

Årsmøte 14. mars 2019

Posted on by admin

Volda mållag hadde årsmøte torsdag 14. mars 2019. Anne Steinsvik Norddal vart attvalt som leiar. Resten av styret kan sjå her. For meir frå årsmøtet, sjå innom Facebook-sida vår.

Posted in Nyhende

Dialektspørjetevling

Posted on by Gudrun

I samband med Dei nynorske festspela, hadde Volda mållag sist laurdag (27. juni) «stand» i Volda sentrum. Der fekk publikum høve til å prøve dialektkunnskapane sine i ei spørjetevling. Dei vaksne fekk desse orda frå eldre voldadialekt å bryne seg på: Kappelau, kobbbeglye, rjøt, korstroll, jasegeit, røveleike og kregde.
Somme kjende alle orda, men mange stod fast på ordet rjøt, og det var fleire av orda som var heilt ukjende for både unge og eldre. Difor treng dialektorda kanskje nærmare utgreiing:

Kappelau, er eit lokalt namn på den gule og fine, men også sterkt mislikte løvetanna. Kappelau eller løvetann er ein vårblomst som finst i over tre hundre artar i Noreg. Kappelau er rekna som ugras i hagar, på eng og i beite, og planta er vanskeleg å utrydde på desse vekseplassane.
Røveleike. Revebjølle er kanskje mest brukte namnet no, og det latinske namnet er digitalis purpurea. Andre stader i landet er blomsten kalla mellom anna bjølleblom, røvehanske, fingergull og fingerbjør. Røveleika er sagt å vere giftig og innheld glycosider som er ingrediensar i hjartemedisin.
Kobbeglye, er fellesnamn for manetar som finst i sjøen her omkring, altså brennekobbeglye og glaskobbeglye. Namnet kan ein forstå som ei forklaring på kvar kobbeglya kjem i frå, altså at det er avføring frå kobbar. Brennekobbeglya kan ha fangtrådar som er opptil fem meter lange. Fangtrådane har nesleceller som svir og brenn med formål å lamme byttedyr. Når fangtrådane kjem i kontakt med menneskehud svir det kraftig. Svien er låk, men sjeldan farleg.
I prosjekt Runeberg «Unorsk og norsk, eller Fremmedords avløsning», finn ein desse opplysningane om kobbeglye: «Medufe, gåple(o), f., sjø-kalv, m., klyse f., kobbe-glye, kobbe-klyse, ma(r)næte (mannæte). Sy. manet, jfr t. Meernessel, eng. seanettle, …..».
Rjøt, er ein botnfisk som truleg har fått dette namnet fordi han lagar ein lyd, som om han ryt eller snorkar, når han kjem opp frå djupet. Rjøt vart rekna som ein ufisk, med mest berre bein, og han vart vanlegvis ikkje brukt til mat. No kallar mange voldingar denne fisken for knurr.

Jasegeit kan ha fleire tydingar. Jase er eit kjent namn på hare, og då er jasegeit namn på ho-haren. Bestemor mi i Steinsvikja, fortalde at etter gamalt så er jasegeit namn på ei ugle. Denne ugla lagar ein nokså nifs lyd, gjerne om natta eller svært tidleg på morgonen. Lyden av jasegeita var eit varsel om sjukdom og død. Dette er i samsvar med det Knut Rise skriv om jasegeita i Hjørundfjorportalen:
No veit ein at det er ugle som lagar lyden, ut på seinvinteren. Her er det oftast kattugla ein høyrer. Men det var helst perleugla ein trudde var jasen. Ho er heller sjeldan å høyre her, men ein sjeldan gong ho-ho-ho-hohohoho kjem frå perleugla. Men eg meinar bestemt at det var kattugla som vart kalla jasegeit her. Hoo-hoo-hohohohoo, kan ein høyre tidleg på våren.
«Høyr jasegeita!» sa han Larsa Ole mange gongar. Og vi drog det aldri i tvil. Det var jasegeita vi høyrde. For jase var det mykje av. Ugle høyrde vi lite om. Men eg kan likevel huske at Anna Holen, som i lag med Andreas, pakta Lensmannsgarden frå 1954-60, sa ein gong at det var så ufjelt då ho høyrde fegdafuglen (ugle) i lønnane i Risetunet ein kveld. «Skal tru kem sin tur det e no». Fegdafuglen varsla død, sa dei før i tida.

Kregde er det same som barnesjukdomen meslingar, ein sjukdom med forkjølingssymtom og meir eller mindre utslett. Ordet kjem frå norrønt krefðusótt og kregð «krek». «Å få kregda» var tidlegare vanleg for dei fleste born. No er kregda mest utrydda i Noreg, fordi ein har vaksinert borna mot sjukdomen etter 1969.
Det var også spørsmål til ungane om dialektord som kanskje er mindre brukte i dag. Det var desse orda: «Rine – Ikonn – Lykjel – Maule – Tjukkelesta – Hår ikkje ette det». Desse orda er nok enklare å forstå for dei fleste, men ta gjerne ei spørjegransking i familien og sjå kven som veit mest!
Det var kjekt at spørjetevlinga om dialektord frå Volda vekte interesse. Å sjå verdien av å kunne fleire ord for same fenomen, styrkjer ofte sjølvtilliten til eige språk. Ein oppdagar at det som kjem utanfrå ikkje alltid er betre enn det ein alt har av ordtilfang.

Anne Steinsvik Nordal – styremedlem

Posted in Nyhende

Det går eit festtog gjennom landet

Posted on by Gudrun

Sidan me har oppdaga at denne songen som vart skriven til grunnlovsjubileet i fjor, framleis er i bruk (og det ikkje har kome nokon offisiell nynorskversjon enno), legg me ut omsetjinga til nynorsk som me gjorde heilt sjølve i fjor på desse tider. Bruk og del!

Det går eit festtog gjennom landet!

1. Det går eit festtog gjennom landet!
I by og dal, ved fjell og fjord.
Vi svingar flagget stolt for Noreg,
med hurrarop ifrå sør og til nord.

Ref.
Hurra! Vi syng og vi marsjerer
til songar i raudt, kvitt og blått.
Kjenner rytmen av fridom i kroppen.
Fylt av glede for landet vårt.

2. Den store dagen vil vi feire.
No lyder takkens melodi
som taktfast stig opp ifrå folket.
Frå oss som vil ha eit demokrati.

3. Syttande mai. No jublar våren!
Nasjonen pyntar seg til fest.
Gå saman, dyrke fram verdiar
så alle trivst. Ja, då har vi det best.

4. Det går eit festtog gjennom tida
der slekter har sett djupe spor.
Med sine val gav dei oss framtid.
Sjå, våre røter dei spirer og gror.

Tekst: Grethe Myhre Skottene
Mel./Arr.: Carl-Andreas Næss
Originalen med notar og besifring (PDF)

Til nynorsk ved
Gudrun Kløve Juuhl og Anne Steinsvik Nordal

Posted in Nyhende

Fjellnamn i Sunnmørsalpane

Posted on by Gudrun

Volda mållag skipar til kveldsmøte om fjellnamn i småsalen på samfunnshuset 9. april. Det er Stig Helset som vil fortelje om fjellnamn på Sunnmøre og vise bilete frå fjellturar i dette området. Stig brukar alle ledige helgar på fjelltoppar rundt om i distriktet, og er ei av eldsjelene i  X2-festivalen.

fjellplakat (2)

Stig Helset er førstelektor på Høgskulen i Volda og underviser og rettleier språkstudentar på fagstudiet i norsk og på mastergraden i nynorsk skriftkultur. Samstundes arbeider han med ei doktorgradsavhandling om norma i nynorsk. Stig vil presentere funn frå hovudfagsoppgåva si om fjellnamn i Sunnmørsalpane. Mellom anna gjer han greie for tilhøvet mellom grunnord og fjellformasjonar og bruk av parallellnamn på fjell, før han tek føre seg nokre utvalde og spesielle fjellnamn. Han illustrerer presentasjonen med bilete av fjell på Sunnmøre. Stig har vore med å lage fleire fjell- og turbøker, og han vil ha med nokre av dei som ein kan få kjøpt på møtet.

Det nye styret i Volda mållag vil syte for kaffi og sveler til dei som møter fram. Styret ynskjer alle hjarteleg velkomne til ein lærerik og inspirerande kveld, før me skal ut på tur i fjellet i vår og sommar.

Posted in Nyhende ← Older posts Newer posts →