Følg oss på Kontakt lokallaget Vitje Noregs Mållag

Lover for Volda Mållag

§ 1

Volda mållag har til føremål:

a) å samla målfolk i Volda til aktivt arbeid for det nynorske målet på alle område,

b) å auka kunnskapen om og vørdnaden for nynorsken og dialektane våre,

c) å styrkja grunnlaget forA den folkelege by- og bygdekulturen og verne om miljøet i byen/bygda vår

§ 2

Volda mållag skal vera innmeldt i Noregs mållag gjennom fylkesmållaget Sunnmøre mållag med dei rettar og plikter eit lokalt mållag har.

§ 3

Arbeidsåret fylgjer kalenderåret. Laget held årsmøte innan 15. mars, kunngjort minst ei veke på førehand. Omframt årsmøte vert halde dersom styret krev det, eller ein fjerdedel av lagsflokken krev det skriftleg.

§ 4

Årsmøtet godkjenner årsmelding og rekneskap, fastset årspengane og kan vedta arbeidsprogram. Røysterett på årsmøtet har dei som har betalt årspengar for året som var.

§ 5

Årsmøtet vel:

a) leiar ved særskilt val kvart år,

b) 4 styremedlemer med 3 varafolk. Styremedlemene vert valde for 2 år om gongen, og halvparten står på val kvart år, første gongen etter lutkast. Varafolk vert valde for eitt år om gongen,

c) ettersynsmann/-kvinne for rekneskapen, vald for eitt år om gongen,

d) utsendingar til årsmøtet i fylkeslaget og landsmøtet i Noregs mållag,

e) målprisnemnd. Nemnda har 3 medlemer som blir valde for to år om gongen, ein på val 1. året, 2 på val neste år,

f) valnemnd. Nemnda har 5 medlemer som blir valde for to år om gongen, 2 på val eitt år, 3 på val neste år.

§ 6

Så langt det let seg gjera, skal det skipast arbeidsgrupper i alle krinsane. Utsendingar for arbeidsgruppene bør møta på alle styremøta med tale- og framleggsrett.

§ 7

Styret vel seg i mellom nestleiar, skrivar, kassastyrar og studieleiar, og står for det daglege arbeidet mellom årsmøta. Styret er vedtaksført når det er innkalla på vanleg måte og minst 3 styremedlemer eller varafolk møter, mellom dei leiar eller nestleiar.

§ 8

Laget er å rekne som nedlagt når det kjem ned i eit medlemstal på under 10. Fylkeslaget kan dessutan rekne laget som nedlagt dersom det 3 år på rad ikkje vert halde årsmøte og sendt årsmelding.

§ 9

Dersom laget vert nedlagt, skal styret i fylkeslaget ta hand om møtebøker og anna eige. Dersom nytt lag vert skipa og tilmeldt Noregs mållag innan 5 år nedlegginga, skal eiga gå attende til det nye laget. Går det lenger tid, eig fylkeslaget det som er.

§ 10

Framlegg til bridge i vedtektene må vera kjent for medlemene minst ei veke før årsmøtet. Dersom eit framlegg til brigde av §§ 3-9 får 2/3 fleirtal, er det vedteke. For å endre §§ 1, 2 og 10 krevst vedtak med 2/3 fleirtal på 2 etterfylgjande årsmøte.