Følg oss på | Kontakt lokallaget Vitje Noregs Mållag |
Volda mållag skipar til kveldsmøte om fjellnamn i småsalen på samfunnshuset 9. april. Det er Stig Helset som vil fortelje om fjellnamn på Sunnmøre og vise bilete frå fjellturar i dette området. Stig brukar alle ledige helgar på fjelltoppar rundt om i distriktet, og er ei av eldsjelene i X2-festivalen.
Stig Helset er førstelektor på Høgskulen i Volda og underviser og rettleier språkstudentar på fagstudiet i norsk og på mastergraden i nynorsk skriftkultur. Samstundes arbeider han med ei doktorgradsavhandling om norma i nynorsk. Stig vil presentere funn frå hovudfagsoppgåva si om fjellnamn i Sunnmørsalpane. Mellom anna gjer han greie for tilhøvet mellom grunnord og fjellformasjonar og bruk av parallellnamn på fjell, før han tek føre seg nokre utvalde og spesielle fjellnamn. Han illustrerer presentasjonen med bilete av fjell på Sunnmøre. Stig har vore med å lage fleire fjell- og turbøker, og han vil ha med nokre av dei som ein kan få kjøpt på møtet.
Det nye styret i Volda mållag vil syte for kaffi og sveler til dei som møter fram. Styret ynskjer alle hjarteleg velkomne til ein lærerik og inspirerande kveld, før me skal ut på tur i fjellet i vår og sommar.
This entry was posted in Nyhende. Bookmark the permalink. ← Ny leiar i Volda Mållag Det går eit festtog gjennom landet →