Følg oss på Kontakt lokallaget Vitje Noregs Mållag

Bokgåvene er delt ut.

Posted on by Voldamallag

I går måndag 24. nov. reiste mållagsstyret først til Mork barneskule, og deretter til Hornindal barnehage, for å dele ut gåvediplomane på kr. 2.500 kvar.

Styret i Volda mållag fekk inn fem søknader om bokgåver frå skular og barnehagar i kommunen. Søknadene gjorde det tydeleg for oss at det er behov for fleire gode nynorske barnebøker og ei bokgåve ville vere kjærkome. Difor valde vi å gi to bokgåver i år, og ikkje berre ei, som før tenkt. Og ikkje minst, i desse tider med innstramming av kommunale budsjett og innkjøpsstopp, er det ekstra kjekt for mållaget å kunne gi ei slik førjulsgåve.

Kvifor er det viktig å få kunne lese gode nynorske bøker? Som svar på spørsmålet kan vi sitere frå ein av søknadene:

«Når vi har lest ei bok, pratar vi om det vi har lest og ønskjer at barna skal få gjenfortelle det dei har høyrt.  Det er bra for konsentrasjonen, for språkutvikling, samt at lesing er bra for å stimulere fantasien og for førebuing til lesing og skriving seinare.

Vi opplever at bøker fengjer barna. Det er ein lærerik og inkluderande aktivitet ved at dei blir inspirert til leik som vidare skaper inkludering.

Tusen takk for moglegheita til å søke om ei fornying i bokhylla vår!»

Volda mållag vil dele ut bokgåver dei nærmaste åra slik at alle skular og barnehagar i kommunen til slutt har fått si bokgåve. Slik nyttar vi medlemskontingenten på beste måte, synest vi. Gi ein medlemskap i mållaget som julegåve i år – så kan vi gi rause bokgåver!

Frå utdelinga på Mork skule, frå v. Ragnhild Oterholm (styremedlem VM), May Britt Høydal (rektor), Jørund Fet (leiar VM), og fremst 4.-klassingane Olivia Wanjiku Sætre og Elias Eikrem. Foto: Elin Lillebø, «Møre»

Frå Hornindal barnehage, frå v. Jørund Fet, Anita Kristin Olsen (styrar) og Vilde Bell-Hagen (styremedlem VM). Foto: Volda mållag

This entry was posted in Nyhende. Bookmark the permalink.