Følg oss på Kontakt lokallaget Vitje Noregs Mållag
Newer posts →

Ny leiar i Volda Mållag

Posted on by admin

Det vart halde årsmøte i Volda Mållag onsdag 10. april på Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda. Der vart Gudrun Kløve Juuhl samrøystes vald til ny leiar for Volda Mållag.

Styret for mållaget ser elles slik ut: Roger Nedreklepp, Astrid Gjersdal, Birgit Berg og Anders Aanes. Varafolk til styret vert Marthe Sleire, Geir Hjorthol og Tarjei Vågstøl.

Karl Anders Helset vart vald inn i målprisnemnda.

Ein har ikkje fått personar til alle verv, men styret har fått fullmakt til å arbeide vidare med dette til alt er på plass.

(15.4.2013)

Posted in Nyhende

Volda Mållag no på nett!

Posted on by admin

Volda Mållag er endeleg på nett. Med desse heimesidene håpar vi å kunne nå betre ut til alle medlemene i nedslagsfeltet vårt, skape eit forum for diskusjon om språk og kulturhistorie, og å formidle aktivitetane i mållaget på ein enkel og grei måte.

Å vere på Internett har nesten blitt ein føresetnad om ein skal bli teke seriøst i dag. Mange har store delar av arbeidsdagen sin framfor pc-skjermar, og i heimane er oppkopling til nettet snarare regelen enn unntaket. Undersøkingar viser også at nordmenn er storforbrukarar av sosiale medium som Facebook og Twitter. Dei fysiske møteplassane er blitt erstatta av virtuelle møterom. Vi håpar denne nettsida kan bli ein slik møteplass, og at ho kan blåse litt liv i mållaget.

Språk handlar om kjensler og identitet. Difor er det viktig med gjensidig respekt når ein kastar seg inn i ein diskusjon. Dersom eit blogginnlegg eller ei nyhende er open for kommentarar, oppmodar vi om å halde debatten på eit sakleg og tolerant nivå.

Posted in Nyhende

«Eg snakkar jo nynorsk…»

Posted on by admin

Når ein stundom kjem i snakk om nynorsk, dukkar det ofte opp ei form for tilståing eller erkjenning, som regel frå ein person som nett har fortalt meg at han eller ho ikkje klarer å skrive så mykje nynorsk. (Dei skulle så gjerne ha gjort det, men dei klarer det ikkje.) «Men», held dei fram, «eg snakkar jo nynorsk». Så då burde dei jo eigentleg også skrive nynorsk, er tankegangen. Ein elles kjend tankegang i målrørsla.

Det er forbausande kor ofte ein høyrer nettopp dette – at ein snakkar nynorsk, eigentleg. Og det er jo litt rart at vi målfolk reagerer slik på det, for strengt teke burde vi vel vere glade for at folk meiner dei snakkar nynorsk. Men, som dei pertentlege menneska vi er, vel vi å korrigere vedkomande. Nei, det er ingen som snakkar nynorsk, jo, vent, kanskje nyheitsopplesaren i NRK, men, nei. Her må du skilje mellom skrift og tale. Det veit alle.

Sannsynlegvis er ikkje dette skiljet så opplagt. Det at folk opplever talemålet sitt som så nærskyld med den kodifiserte, skriftlege målforma i norsk som heiter nynorsk, slik at dei opplever dei som samanfallande, burde kanskje vere mindre problematisk for oss språkpedantar. Det er iallfall lite truleg at ein elite med sterk innverknad i samfunnet brått skulle ta til å snakke standardnynorsk, slik at dette blei den leiande norma i samfunnet. Då må vi kunne leve med at mange opplever at dei eigentleg snakkar nynorsk.

 

Posted in Blogg Newer posts →