Følg oss på Kontakt lokallaget Vitje Noregs Mållag

Sommarbrev 2025

Posted on by Voldamallag

Sommarbrev frå Volda mållag 2025

Her kjem ei sommarhelsing frå Volda mållag, der vi informerer om aktivitetane våre i vinter og i vår.

Årsmøtet for 2025 i Volda mållag vart halde 1. april på Festsalen, Samfunnhuset. På programmet stod først ei innleiing ved Stig Jarle Helset og Tor Arne Haugen om dialektendrings-studien dei gjennomfører i Volda og Ørsta. Sjølv om det står att meir forsking på det empiriske materialet dei har samla inn, kunne dei presentere både forventa og overraskande funn. Generelt er konklusjonen at dialektene i vår region er i endring, og mange tradisjonelle målmerke er på veg ut.

Målprisen

Eit høgdepunkt på årsmøtet er å få dele ut målprisen, som denne gongen gjekk til Sunkost Volda ved Janne Moe.

Medlemane

Siste medlemsliste utsendt frå Noregs Mållag 20. mai syner desse tala: Volda har 182 betalande medlemmar, men i tillegg også 20 medlemmar der fristen for betaling er forfallen.

Vi vonar dei fleste av desse vil støtte mållagsarbeidet og framleis betale medlemskap til Volda mållag. Det gir gode inntekter til laget. For kvar medlem går kr. 60 til lokallaget, kr. 40 til fylkeslaget og resten til hovudlaget (Noregs Mållag).

Vi kan óg melde at vi i løpet av dei første månadene av året har fått fem nye medlemmar. Kanskje vi kan vone på eit medlemstal over 200 i løpet av året? Kjenner du nokon som du synest burde ha vore medlem i mållaget? Ta kontakt, ein kan enkelt melde seg inn her (kr. 200,- for nyinnmelde): 
Bli medlem – Noregs Mållag, trykk her! https://www.nm.no/bli-medlem/

Målprisen til Sunkost Volda

Vi takkar målprisnemnda for å ha gjort ein grundig jobb også dette året, og funne ein verdig vinnar av målprisen for Volda kommune.
Her er grunngjevinga for tildelinga:
Dei fleste av oss her, – ja, truleg dei fleste i Volda, kjenner til produkta og Sunkost-butikken i Volda.
Her treffer du kunnskapsrike, imøtekomande og rause tilsette, og dagleg leiar er Janne Moe. Butikken tilbyr varer innanfor helsekost, hudpleieprodukt, miljøvenlege vaskemiddel og mykje meir. I tillegg tilbyr dei mange eigne kortreiste produkt. Det mest kjende er mjølet som er lokalt kverna på steinkverner på Mylna. Tilgang til lokalt kverna matkorn basert på gamalt og tradisjonelt utstyr, kompetanse og produksjonsteknikk er eit verdifullt bidrag til kundar i Volda og omeign. Butikken tilbyr også andre spennande lokale og helsebringande produkt, som urtesalt, tacokrydder og superkakao, med norsk chaga. Chaga er verdas kraftigaste antioksidant som er funne i naturen. Det er ein sopp som veks på bjørk, i dette tilfellet, på ein økologisk gard på Mo i Ørsta. Dette viser noko av det Janne Moe og Sunkost Volda bidreg med av lokalproduksjon.
Sunkost Volda opna dørene 24. oktober 2014 i lokala der Mylneriet var tidlegare. Det er stor aktivitet i
butikken, noko som er formidla gjennom sosiale medium og annonser. Arrangementa er gjerne knytt
opp til tema der kunnskapsformidling omkring lokalproduksjon og helseprodukt ofte står sentralt.
Kvifor får Janne Moe og Sunkost Volda målprisen? Målprisnemnda meiner Sunkost Volda skriv godt
og på sikker nynorsk på medium der dei marknadsfører seg. Sunkost Volda har ein tydeleg språkprofil
i si formidling og annonsering i sosiale medium. Sunkost Volda er også i ein marknad der leverandørar
vanlegvis ikkje brukar nynorsk. Vi veit at i næringslivet er ikkje dette berre enkelt.
Medlemsorganisasjonen for nynorske bedrifter, Nynorsk bedriftsforum, gjorde ei undersøking mellom eit trettitals potensielle medlemsbedrifter som syner at det ofte er både dyrare, vanskelegare og meir tidkrevjande å vere nynorskbedrift enn bokmålsbedrift. Likevel held mange bedrifter i det nynorske kjerneområdet fast på språket sitt, og Sunkost Volda er av dei. Slik er dei eit godt føredøme for andre bedrifter og viser at det er mogleg å halde på den språklege identiteten sin, også i næringslivet. Det er såleis ei stor glede å overrekke målprisen frå Volda mållag til Sunkost Volda, ved dagleg leiar Janne Moe. Vi ynskjer til lukke med prisen!

Bohus Furene fekk målblome
Når ein svingar inn på ein av dei store, noko ørkenaktige parkeringsplassane i Furene, kan ein, om ein er heldig og løfter blikket, verte møtt av eit Velkomen heim! Med store bokstavar. Då er ein komen til Bohus Furene.
Volda mållag deler med dette ut ein målblome til Bohus Furene for å vise kor mykje det betyr å verte ynskt velkomen på nett denne måten, på nynorsk. Det er viktig for nynorsken at han vert brukt på alle område i livet, til jobb og fritid, kjøp og sal. Det er ekstra gledeleg å sjå at store varehandelkjeder kan ta i bruk nynorsken når dei kjem til Volda.
Takk, Bohus Furene, for at de tek vare på nynorsken!
Vi ser fram til meir nynorsk inne i butikken etter kvart!


Den ovanforståande teksten var grunngjevinga for å tildele Bohus Furene ein målblome i mars i år, og målblomen vart vel mottatt! Sjølve overrekkinga skjedde i butikken, og vart feira med kaffi og kaker. Det er velfortent og veldig kjekt å gi ein målblome til ein slik entusiastisk gjeng tilsette for nynorsken!
Seinare same veka feira dei målblomen saman med kundane. Det blei gjennomført ein enkel ordkonkurranse, spandert kaffi, brus og kaker, og gitt plass til ein stand for Volda mållag som nytta høvet til å snakke med og informere dei besøkande om mållagsarbeidet.

Nynorskdagen og Pride
Vi fekk ein hyggeleg invitasjon frå Volda-Ørsta Bygdepride om å delta på arrangementet deira i Uppheimsparken laurdag 10 mai. Vi takka ja, og sette opp bord, stolar og plakatar, serverte kaffi og delte ut informasjon. Med oss var også Synne Solberg, nestleiar i Norsk Målungdom. Dagen høvde godt for oss fordi den gjekk inn i Nynorskveka som vart markert over heile landet i regi av Noregs Mållag, og utøvd av lokallaga rundt om i landet. Temaet for veka var statusen for det skriftlege sidemålet i skulen, som spesielt to politiske parti i Noreg ynskjer å svekke. «Nynorsk i skulen for alle», er slagordet, sjå vesten Ragnhild har på seg. Dette temaet vil bli reist av målrørsla med ny styrke under valkampen i haust.
Målrørsla er ideologisk og politisk nøytral, men kan likevel kjenne slektskap med andre rørsler som kjempar for fridom, rettferd, demokrati og respekt for mindretalet. I 2023 delte vi ut målblome til Volda-Ørsta Bygdepride. Vi gav den for: «for god og konsekvent bruk av nynorsk i all skriftleg kommunikasjon, på prent og på skjerm. Og det i fullt medvit om bruken av eit engelsk ord i andrelekken av namnet. Ein vert ikkje diskvalisert av den grunn. “Stoltheit”, eller “byrgskap” er ei kjensle nynorskfolk kan kjenne seg att i…» Vidare står det i grunngjevinga: «Kva er samanhengen mellom bygdepride og målrørsla? For å seie det enkelt kan begge rørslene sjåast på som frigjeringsprosjekt. Å kunne uttrykke seg trygt og sjølvsagt på sitt eige språk er frigjerande. Å kunne leve etter slagordet “Kjærleik er kjærleik” er absolutt frigjerande. Målrørsla har ei lang historie, bygdepride heller kort, men eg trur nok vi kan kjenne oss att i kvarandre. All frigjering møter motstand.

I Tarjei Vesaas sitt dikt om Ivar Aasen heiter det:
“Det går mangt eit menneske / og ser seg fritt ikring / for Ivar Aasens skuld”.
Vi kan gjerne seie:
“Det går mangt eit menneske / og ser seg fritt ikring / for Bygdepride si skuld”

Norsk Barneblad-prosjektet
Volda mållag sitt prosjekt om å gi ei gratis tinging av Norsk Barneblad til alle 4.-klassingar i voldaskulen vart avslutta dette skuleåret. Då har vi gjennom tre år gitt gratis eitt nr. kvar månad (11 pr. år) til totalt ca. 350 skulelevar. Blada, som har nytt tema for kvar utgåve, er blitt brukte i undervisinga i skulen, og deretter gitt elevane til å ta med heim – der fleire kan lese bladet. Ein bieffekt er at utgivarane av Norsk Barneblad melder at dei har fått mange nye tingarar av bladet i voldaregionen. Vi kunne gjennomføre prosjektet fordi vi fekk støtte av Sparebank1 SMN dei to første åra, og av Sparebanken Møre alle tre åra.

Kva skjer til hausten?
No er det sommarferie, men til hausten kan barnehagar og skular i kommunen vente seg invitasjon frå Volda mållag om å søkje støtte til innkjøp av nynorsk litteratur til biblioteka sine. Ungane i Volda treng å lese og høyre gode, aktuelle nynorske tekstar, og mållaget ynskjer å bidra med midlar til det.
Nærare informasjon vil altså kome.
Volda mållag vil også yte sitt i aksjonen for å halde på statusen for sidemålet i skulen.

Dette er viktig, også for dei som har nynorsk som hovudmål. Det er også viktig for å halde oppe elevane sin kompetanse i norskfaget, som sjølvsagt er høgare når ein kan skrive og lese både bokmål og nynorsk.

Nynorsk i skulen for alle!

Det går også føre seg ein kamp om læremiddel og læringsressursar i skulen, slik at nynorskelevane til liks med bokmålselevane kan bruke desse på sitt språk. Slik situasjonen er, har dei blitt diskriminerte i så måte. Heldigvis er det nyss kome ut ein rapport som må føre til endringa i opplæringslova på dette området.

Ny rapport gjev Mållaget rett – Noregs Mållag

Innspel?

Kontakt oss på e-post volda.mallag@gmail.com, via Facebooksida vår eller direkte med ein av oss i styret, t.d. leiar på 412 76 548. Denne gongen kjem sommarhelsinga på nynorsk/svensk:

This entry was posted in Nyhende. Bookmark the permalink.